Skrivekunstakademiet inviterte til temakveld med Cathrine Knudsen om hennar seinaste roman. Ho fortel om arbeidet med boka, om det å skrive, og om romanen generelt, før ein samtale mellom henne og kveldens programleiar Tormod Haugland.
Knudsen har motteke strålande kritikkar for fleire av bøkene sine. Manuell (2014) vart i Dagens Næringsliv kalla årets skarpaste roman, medan Morgenbladet sin bokmeldar utropte boka til ein merkestein i romanåret. Arrangementet markerte slutten på haustens romankurs ved Skrivekunstakademiet, der Knudsen har vore gjestelærar.
Foto: Anna Julia Granberg/Blunderbuss